1 far, 1 dotter og 23 rustne menn
25 september 2015
  Mann 23: Stavanger kunstmuseum





Reisa sluttar innerst i ein krok på Stavanger kunstmuseum. Vi gjekk dit for å sjå Frida Hansen-utstillinga, som alle på Nord-Jæren bør få med seg. Det var 3483 dagar sidan eg og Nina såg den første rustne mannen.

Jentene prøvde som vanleg å bli den første til å sjå mannen då vi nærma oss kunstmuseet. Eg har vore på kunstmuseet fleire gonger sidan 2006, utan at eg korkje har sett eller leitt etter den siste rustne mannen.

Frida Hansen-teppene var så store og imponerande at vi gløymde den rustne mannen for ei stund. I alle fall dei to vaksne, dei to minste (som ikkje er så små lenger, og vel må klare å konsentrere seg om det vi vil i ein halvtime i det minste!!!) ville ha vaffel. Eller is. Eller noko anna sukkerhaldig som foreldrepengar kan brukast på.

Vaflar. Is. Avis. Og eit nytt forsøk: Skal vi gå inn og sjå etter den rustne mannen? Der. I hjørnet innanfor Hertervig-samlinga. Kjenner eg noko no som reisa er slutt? Eigentleg ikkje. Å gå til alle dei rustne mennene i Stavanger er ingen prestasjon, i alle fall ikkje når rundturen er spreidd over ni og eit halvt år.

Likevel. Etter litt dytting og kjekling ser jentene ganske nøgde ut i det eg ber dei stille seg opp ved den siste rustne mannen i Antony Gormleys kunstverk.

Eg skal ikkje sitere John Lennon eller noko slikt. Livet hendte medan eg la andre planar, men slik er det for alle. No er du ti og eit halvt, du var knapt eitt då vi gjekk over Bybrua i februar 2006. Om ni år, ja lenge før det, gidd du ikkje bli med meg på mine sære påfunn. Heldigvis.

Takk for turen, Nina, det var kjekt. Det har vore eit privilegium å få gå dei med deg.


Mann 23, Stavanger kunstmuseum:
Tilgang med barnevogn: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug 
Denne rustne mannen som turmål: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug 
Utsikt frå mannen: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug