01 februar 2006
  Mann 1: Natvigs Minde
Det var ein av desse dagane då det såg ut som Stavanger skulle arrangere Holmenkoll-søndag: Tåke, to grader og ein kald trekk. Vi var på veg til den første rustne mannen.

Antony Gormley sine statuar står i stigande rekkefølge. Nummer ein står difor på null meter, i sjøen. På veg for å sjå denne første mannen (som eg vil tru vert stadig meir rusten for kvar dag), måtte vi over brua til Grasholmen. Vegen ned mot havna fortalte at vi var på Stavanger Seilforening sitt område. Men det var ingen skilt til den rustne mannen.

Natvigs Minde er ein holme i havnebassenget mellom Rosenberg-verftet og sentrum. Det bur ingen der, men holmen har eit selskapslokale. På kvardagar går det ingen båtar dit. Difor var det heilt umogeleg å få eit glimt av den rustne karen som står i vatnet der ute ein stad.



Her i vatnet ein stad står den første rustne mannen i Broken Column

Vi opna ein port og tusla over ein hard plen før vi kom til det ytterste punktet på vår side av sjøen, usikre på om vi hadde kryssa privat mark. Eg granska holmen nokre ti-tals meter lenger nord-vest, utan å sjå spor etter Gormleys utplasserte. Litt skuffa, men ikkje overraska. Ein kikkert hadde vore lurt.

Likevel: Vi er i gang.

Mann 1, Natvigs Minde:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug

Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug