14 april 2013
  Mann 20: Lars Hertervigs plass

Vis større kart

I fjor sommar intervjua eg Høgre-politikar Kenny Rettore i eit typisk sommarintervju. Slik sjangeren krev, kom vi i snakk om lokalturisme. Rettore irriterte seg sterkt over at monument i vårt disktrikt manglar elementær informasjon.

Slik er det med Hertervig-statuen òg. Sjølv namnet på Hertervig er vanskeleg å lese, for det er hogd inn i steinen og berre synleg på nært hald. Det er den einaste informasjonen som finst om statuen. Ikkje eitt ord om at Hertervig var målar, kva tid han var i live eller kvifor han fortener ein statue.

Og kvifor heiter akkurat dette Lars Hertervigs plass? Har Hertervig ei spesiell binding til staden? Sånne ting hadde vore greitt å bli opplyst om. Dette sterkt trafikkerte krysset er ingen publikumsmagnet i utgangspunktet, så kvifor ikkje kaste litt meir glans over dei to kunstverka som står der?

















Skrått til høgre for Hertervig står rusten mann nummer 20. Ho som låg i barnevogn ved forrige rustne tur, er no fire og eit halvt og for lengst ferdig med slike transportmiddel. Ho kryp etter kvart opp til Hertervig sine føter, og tykkjer den statuen er meir spanande enn den rustne mannen. Som heller ikkje har noko infoskilt.

















- Kven av dei står rett veg, spør reisefølget. Eg veit ikkje om det er Hertervigen eller den rustne mannen. Publikumsfrieri driv dei i alle fall ikkje med. Vi avslutta med pølse og sjokomelk på Shell.


















Mann 20, Lars Hertervigs plass:
Tilgang med barnevogn:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
Denne rustne mannen som turmål:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
Utsikt frå mannen:
rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug