25 september 2015
  Mann 22: Mosvannparken
Ambisiøs søndag: Var det mogeleg etter alle desse åra å ta dei to siste statuane på ein dag?

Dagen var sommar 2015-varm (14 grader og overskya) og vi la ut frå Storhaug i retning Våland. Det er ni og eit halvt år sidan denne bloggen starta. På den tida har Stavanger endra seg, mest i utkantane og mest på grunn av Ryfast. Dette vegprosjektet - landets dyraste - knyttar Stavanger saman med Ryfylke på klassisk Rogaland-vis: Med tunnel under fjorden. Eg har for lite greie på samferdsel til å kunne fyre av ei velbegrunna breiside mot Ryfast, men har aldri heilt forstått kvifor det blir bygd. (Ei vankunne som vert eksponert kvar gong vi passerer eit Ryfast-inngrep i byen, sidan Nina spør kvifor ferja må vekk. Ho er ferjevenn.)

E39 ved Våland lysar av nysprengd stein. Vi gjekk til høgre i det vi kryssa brua, og gjekk langs Mosvatnet i retning dagens første mann. Etter nokre minutt kom vi til gangbrua over Madlaveien, og tok til venstre i retning Tjensvollkrysset (Mosvatnet er omringa av trafikk).

Jentene tok fatt på den daglege kjeklinga/konkurransen om eit eller anna. No gjaldt det å først få auge på den rustne mannen, og plutseleg var han der. Glanande inn i buskane, neppe triveleg å ramle borti om natta, viss du ikkje veit at han er der.

I eit anna liv (det med barnevogn) kunne eg ha stogga nokre minutt, sugd inn lufta, lyden og synet, men the time they have a-changed. Eit par bitre replikkar seinare (eg e´ SLITEN! og deretter eit trugande ønske om å ete vaflar på neste stoppestad, elles hadde turen vore HEILT BORTKASTA!) låg mannen bak oss. Berre ein stod att.



Mann 22, Mosvannparken:
Tilgang med barnevogn: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
Denne rustne mannen som turmål: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
Utsikt frå mannen: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug