11 april 2015
  Mann 21: Solvang barnehage

To år sidan forrige innlegg. Dersom dette tempoet held seg, er vi i mål om fire år, då det nok trengs ein del overtyding for å få Nina med ut.

Bloggen starta med henne i vogn for ni år sidan. Planen var å rekke over alle Gormley-statuane i Stavanger medan eg var i pappaperm med ho. Det gjekk ikkje. Heller ikkje med dotter nummer to, som gjer tittelen på denne bloggen temmeleg upresis, vart eg ferdig.

Men det er viktigare å gå i rett retning enn å ha stor fart, har eg høyrt. Denne laurdagsformiddagen i april 2015 var sola framme. Med lovnad om bibliotek og is drog vi til sentrum, nærmare bestemt Solvang barnehage. På vegen dit passerte vi to rustne menn, og det slo meg at eg skulle vore ferdig med dette prosjektet for lengst. Her: Kirkegårdsveien.



Målet var mannen i Solvang barnehage. Her er det eit kjekt uteområde, og det ligg relativt fredeleg til, trass nærleiken til Løkkeveien. 

Det ser ut som sandkassen rundt den rustne mannen treng påfyll, for sokkelen stakk opp. Kva ville Gormley ha sagt?

Jentene var passeleg interessert i mannen, men poserte villig, nesten uten å kjekle seg imellom. Eg prøvde hardt å mane fram litt historisk sus og "tenk at vi begynte med dette for ni år sidan", utan å få meir enn skuldertrekk. Is! Bibliotek!

Mannen i barnehagens leikeområde er ikkje blant dei mest spennande Gormley-måla eg har vore innom, meir som ein transportetappe mot avslutninga ved Mosvatnet. Eg kjem dit. Forhåpentleg før eg fyller 40, og med ungar.

Mann 21, Solvang barnehage:
Tilgang med barnevogn: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
Denne rustne mannen som turmål: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug
Utsikt frå mannen: rustfri - rustflekkete - gjennomrusta - rusthaug